|
Eg
heiter Vivian Vatnøy, født i 1965. Eg er gift, mor og
mormor.
Eg bur i Bulandet. Bulandet er Norges vestligaste bebudde øysamfunn,
og ligg i Askvoll kommune i Sogn og fjordane.
Her ute opna eg Galleri Havblink i 2003. Dei første åra
hadde eg ope kun i sommarsesongen, men har no ope året
rundt. Eg har alltid gjesteutstillarar i galleriet mitt.
Galleriet består av fleire rom, og eg prøver til ei kvar
tid å ha ulike teknikkar i dei ulike romma (trerelieff,
glass, keramikk, olje/akryl, akvarell, stein m.m. Har og
smykker i ulike materialer. Eg sjølv lagar bilde av garva
fiskeskinn og tekstil.
Det
at eg starta med fiskeskinn var ganske tilfeldig. Ein
bekjent hadde på nittitallet oppdaga kva for eit unikt
materiale fiskeskinn var, og ville prøve seg som forhandlar
av denne vara. Han sendte ubehandla skinn til garveri rundt
om i verden for å få prøver på ulike garveteknikkar. For
å gjere ei lang historie kort, så måtte han gje opp
prosjektet sitt, og
eg fekk overta heile prøvelageret hans av garva
skinn, og dermed var eg i gang.
Er
der ein teknikk/stil/materiale/fargar du likar spesielt godt å
jobba med?
Om teknikken eg brukar har eit spesielt namn, det veit
eg ikkje. Har arbeit meg frem til ein måte å bygge bilda
på. Eg teikna, klypper, limer og syr. Ellers prøver eg meg
heile tida fram med ulike metodar for å få frem det eg
ynskjer å få fram. Trur eg er den einaste som brukar
fiskeskinn i bilde på denne måten.
Alle fargar er fine. Det er samansetting av fargane som gjer
om ein farge blir fin eller ikkje.

Bilete av forskjellige fiskeskinn som hu brukar i bilda
sine.

Bilete av forskjellige stoff og tråd som hu brukar i bilda
sine.
Hvordan løyser du kreativ sperre? Når alt berre stoppar opp og du
ikkje får laga noe?
Kreativ
sperre løyser eg gjerne ved å kaste stoff, skinn og rammer
i ei rue å golvet. Det har då ei forunderlig evne til å
dukke opp ein eller annan ide når eg ser materiala som
tilfeldigvis dett saman der i rotet :)
Har du laga noe som du synast var ekstra utfordrande å
laga? I så fall kva?
Eg
kan gjerne gå med eit motiv oppi hovudet som blir vanskelig
å få ned på papiret. Då er utfordringa det å forenkle
strekane slik at eg likavel får med følelsen eg er på
jakt etter.
Kva er det beste tipset du kan gi til andre som skulle
bli freista til å begynna med det samme som deg?
Tolmodigheit! Og ikkje for store krav til inntekt dei første åra! Ein er privilegert om ein har ein partner som kan ta seg av forsørgerrolla i oppstartsfasen. Det er mykje arbeid, så ein kan ikkje basere seg på å berre ha det som hobby ved sia av vanlig arbeid.
|
|

Hvor likar du best å vera når du kreerer?
Eg likar meg best i verkstaden min i galleriet.
Likar du å høyre på musikk når du kreerer?
Eg vil helst ha det stilt når eg arbeider.
Kva eller
hvem er det som inspirerar deg mest?
Har vel egentlig ikkje noken spesiell favoritt, men synest alltid det er
inspirerande å sjå andre sine streker og linjer.

Kva
likar du best å driva med, når du ikkje holder på med
å laga flotte bilder?
Hagearbeid er kjekt,- og ein tur på sjøen
Har du noen favorittar blant det du har laga?
Har vel egentlig mange favoritter. Enkelte bilde blir eg liksom ikkje ferdig med. Eg må prøve ut motivet i fleire fargar og størrelser, ulike rammer og tekstiler.
Motiva mine ser eg ber preg av å vere kystkvinne. Eg er ei av ei lang rekke generasjoner av fiskarkoner og småbrukarar. Det å vere mor og relasjoner til generasjoner og kystlandskap er gjenngangarar. Dyr, fisk og fugl dukkar ofte opp i bilda.
Har du noen planer framøve?
No arbeider eg fram mot ei utstilling eg skal ha i Galleri Skjerjehamn,- men
ellers blir veien laga mens eg går.
Har du noen linker du vil dele
innenfor temaet?
Tusen takk for at du
stilte opp til intvervju! :)
Ønsker du å se mer av alt det flotte hun lager kan
du gjøre det her: www.galleri-havblink.no
Intervjuer: Anne Lise Hestness
Foto: Vivian Vatnøy

|
|
|